Rolf Theil fortel her om spesielle særpreg i ulike språk. Han tek for seg store og små språk frå alle kantar av verda: indianarspråk, jiddisch, romani og egyptisk, for å nemne eit utval. Boka viser korleis eitt språk kan ha mange ord for ting som eit anna språk slett ikkje har ord for i det heile tatt, korleis ord kan vandre frå eitt språk til eit anna og etter kvart bli vanleg over heile verda og korleis andre ord, lydar og skriftteikn berre blir brukt av ein liten stamme. Forfattaren er professor i lingvistikk ved Universitetet i Oslo.