Novelle  •  11 – 15 år

Soger

Per Sivle

1993

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Dette er ei ny utgåve av dei klassiske barneforteljingane av Per Sivle, kor språket er varsamt modernisert av Halldis Moren Vesaas, og med eit etterord av Tormod Haugen. Her er forteljinga "Ein treskilling", som fortel om dei kvalar ein nyslått treskilling kan føre til når Per vel pengestykket og ikkje menneska rundt seg. Vidare er det forteljinga "Berre ein hund", om einhund som mister eigaren, søkjer kjærleik og blir avvist. "Fante-Nils" handlar om Per og venen Fante-Nils. Per er ærekjær og toler ikkje at venen er så flink på skolen. Per lyver på venen, og får han utstøtt. I "Heimedøypt" møter vi Per som angrar seg for det som hende med Fante-Nils. Den siste forteljinga "Hjelpelaus", har form av evnetyret. Sogene er lagde imunnen på ein gut, Per, i alderen 9-14 år. Vi kjem nær det som skjer i Per via ei ytre spanande handling.

Utgåver