Sara Marie har ei pertentleg mor som jobbar i bakeri og ein bohemaktig far som er rockemusikar. Sara Marie bur hos mora. Faren har fått ny kjæraste. Sonen hennar er bestevenen til Sara, og ho treng han når mora til Sara blir forelska i sjefen på bakeriet og ein ny mann skal inn i familien. Vaksenpersonane viser lite innleving i barna sine tankar, men barna seier frå gjennom trasshandlingar som å skamklippe seg. Ei dokke, ein katt og eit eventyr gjer teneste som leiemotiv og kastar lys over Sara Marie sine kjensler. Personleg synsvinkel og ein allvitande forteljar vekslar i teksten og gir han eit omstendeleg preg. Lesaren sin fantasi får heller ikkje mykje å arbeide med. Eide, 2000.