Tonje i treet

Roman  •  6 – 10 år

Tonje i treet

Berit Hellem Giil

2005

Illustratør:
Jørgen Blitzner

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Forteljing. Tonje er lei av å vere der alle berre er utan å vere nokon stad som t.d. på skulen, ved leikestativet eller ved fotballbana. Ho gjer aldri noko gale, er aldri sjuk og er flink på skulen. Men no er ho sint, for kvar gong det skjer noko med lillebror Morten spør alltid foreldrene kor ho har vore. Når ho seier at ho har vore under trappa og lest bøker eller stått bak døra, seier dei at det er vel ingen stad å vere. Men no er ho lei av å ikkje vere nokon stad. Tonje klatrar opp i den store furua ved steinrøysa og gøymer seg der. Heile bygda leitar etter ho, men ho svarar ikkje når dei ropar på ho. Når ho kravlar seg heim igjen og alle spør kor ho har vore vil ho svare: "Eg har vore ein stad". Dette er ei forteljing om å finne seg sjølv. Har korte enkle setningar. Nynorsk tekst. Høgtlesning og lettlestbok for småskole-/mellomtrinnet.

Utgåver