Sprudlande dikt for barn og vaksne i alle aldrar. Har du kinesisk jern i blodet? Er det tisset til Jesus du drikk? Er spyfluga glad i spy? Og har du eigentleg Europas største stortå? Dette er nokre av spørsmåla du får eller ikkje får svar på i denne diktsamlinga. «Tusen elgar i garasjen» tar oss med på ei ferd med ramn og salamander, dinosaurar og flaggermus, rustne traktorar og maur i trusa som følgjesveinar. Har du nokon gong ridd på ein daud elg gjennom skogen? Tenkte oss det. Illustrert av Hilde Hodnefjeld. Dikt for småskole-/mellomtrinnet.