Boka gir ei samla framstilling av nynorsk kulturhistorie gjennom 1500 år. Utgjevinga kjem same veke som Noregs Mållag feirar sitt hundreårsjubileum. Forfattaren viser korleis lese- og skrivekunne har danna grunnlaget for språkleg og kulturell demokratisering. Han reviderer språkhistoria på viktige punkt, legg særleg vekt på dei meiningsdannande miljøa blant nynorskbrukarane, avdekkjer ukjende sider ved historia til målrørsla og gir kvinnene den plassen i målrørsla som så ofte er blitt oversett. Gjennomillustrert. Har kjelder og personnamnregister.