Vinteren 1945 er mange tyskarar innestengt i ei tysk lomme i det frigjorte Polen, på grensa til Litauen. Søskena Liesl, Otto og Mia er tre av desse. Saman med mora og besteforeldra legg dei ut på vandring for å bli evakuert. På ferda kjem dei bort frå mora og virrar som ulvar rundt i skogar og inn på fråflytta gardsbruk. Aleine, saman med andre barn, snille og mindre snille russiske soldatar, prøver dei å halda seg i live gjennom ein kald vinter.
Ein lite kjend historie blir i denne boka kjenslevart og vakkert fortalt.