Brynhilds

3 – 10 år

Brynhilds : godnatt-forteljing som også kan lesast om dagen

Sissel Solbjørg Bjugn

2002

Illustratør:
Judith Allan

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Brynhild ser på at mor lagar kabaret ? det aller beste ho veit. Dei skal ha gjester, vaksne gjester, og Brynhild må gå å leggje seg vel vitande om at kabareten ikkje er meint for ho. I morgon, då skal ho få smake. Mor lovar endatil at ho skal leggje av eit stort stykkje, berre til henne. Men eit stort stykkje i morgon er ikkje godt nok. Kabareten er best nylaga, og Brynhild nyttar høve til å bli sur ? kabaretlaussur. Og det til trass for at ho veit at nasen veks, akkurat som på Pinocchio når han lyg, berre at med Brynhild skjer det når ho er sur. Det går likevel godt til slutt. Brynhild har heldigvis vaksne kring seg som forstår korleis det er å måtte leggje seg utan kabaret. Framstillinga utmerker seg med eit truverdig barneperspektiv som evnar å fange augneblinken, og boka gjev eit nært bilete av Brynhilds opplevingar og reaksjonar. Spenstige svart-kvitt-illustrasjonar av Judith Allan følgjer teksten og kommenterer det fortalde på ein god og humoristisk måte. Samlaget, 2002.

Utgåver

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Suldal kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Mo
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content